速報APP / 財經 / Voss Sparebank Mobilbank

Voss Sparebank Mobilbank

價格:免費

更新日期:2019-06-13

檔案大小:51.9 MB

目前版本:1.45.2

版本需求:需要 iOS 10.0 或以上版本。與 iPhone、iPad 及 iPod touch 相容。

Voss Sparebank Mobilbank(圖1)-速報App

Gjer kvardagen enklare med mobilbanken frå Voss Sparebank. Du kan sjekke saldo, overføre mellom eigne konti, betale rekningar og behandle eFaktura, medan du er på farten. Pålogging er forenkla med bruk av 4-sifra kode eller fingeravtrykk.

Aktivering

Når du har lasta ned og installert appen, må du identifisere deg. Du kan identifisere deg med:

• BankID på Mobil

• BankID

• Kodebrikke og passord

• SMS for ungdom under 18 år

Under aktiveringen vel du ein 4-sifra kode. Vi anbefaler at du lagar ein annan kode enn den du brukar for å låse opp telefonen. Koden vert nytta til pålogging og til signering. Støttar telefonen din lesing av fingeravtrykk, kan du nytte fingeravtrykk til innlogging og signering.

Logg inn

Du loggar inn i mobilbanken med fingeravtrykk eller den personlege 4-sifra koden som du valde under aktiveringen.

Informasjonskort

Informasjonskorta øvst i mobilbanken gir deg varsel om nye eFaktura, tips og anna relevant informasjon. Du kan sjå igjennom korta ved å dra korta til høgre eller venstre. Du kan slette kort ved å trykke på X øvst i høgre hjørnet på kortet. Kort du har sletta kan ikkje gjenopprettast.

Menyar

Mobilbanken inneheld 2 menyar.

• Hovudmeny

Voss Sparebank Mobilbank(圖2)-速報App

• Funksjonsmeny

Hovudmenyen finn du øvst i venstre hjørnet. Her har du tilgang til dei fleste tenestene i mobilbanken.

Funksjonsmenyen får du opp ved å trykke på ein av kontoane i kontolista, og du får opp val knytta til kontoen, som Betal rekning, Overføring mm.

Gå til nettbank

Ved å velje "Gå til nettbank" frå hovudmenyen, får du tilgang til same funksjonalitet og meny som i nettbanken. Enkelte sider i nettbanken er ikkje tilpassa mobilen enno, det vert jobba med forbetring.

Dette får du tilgang til i mobilbanken

• Varsel med Informasjonskort

• Kontoliste med alle kontoane dine

• Kontoliste med alle kontoar du disponerer

• Siste bevegelsar på konto

• Overføring mellom eigne kontoar

• Betale rekningar, med og utan KID

• Betal, godkjenn, endre eller slett eFaktura

• Forfallsregister

• Hente PIN på kort

Voss Sparebank Mobilbank(圖3)-速報App

• Endre Regionsperre

• Sende og motta melding til/frå banken


支援平台:iPhone